Månedens penis: Sexstillingane som gjev DEG asymmetrisk penis

 
Psychoda alternata er vanleg i kloakkanlegg, i fjøs og på baderom i heile verda. Foto: wikimedia commons

Psychoda alternata er vanleg i kloakkanlegg, i fjøs og på baderom i heile verda.
Foto: wikimedia commons

Når ein har vore insektsentusiast ein stund er det ganske vanleg at ein blir veldig oppteken av genitalia. Dette har å gjera med at genitaliane ofte er den delen av kroppen til dyret kor ein tydelegast ser forskjellen på artane. Mange insektgrupper, så vel som mange edderkoppdyr og tusenbein, består av hundrevis av klin like artar som berre skil seg frå kvarandre på detaljar i dei edlare delane til hannen. For min del byrja det med at eg var interessert i ei insektsgruppe som heiter sommarfuglmygg (Psychodidae) og som er vanlege både på baderom og kjøkken, så vel som langs vassdrag og i sumpar ute i naturen. Ei interesse for artskunnskap førte til ei interesse for morfologi – evolusjonen av form og funksjon i organsystema – og hjå sommarfuglmyggen blei eg særleg interessert i kvifor så mange av artane har asymmetrisk vridning av kjønnsorgana.


Kva er asymmetrisk vridning? Jo, hos insekta sit kjønnsorgana heilt bakerst på kroppen til dyret, både hjå hannar og hoer. Når hannen og hoa sine kjønnsorgan skal møtast må dei to difor gjennom ei vanskeleg logistisk oppgåve. Endestykka til begge to må som regel vera i kontakt, og for at dette skal skje må dei peika slik at dei passar saman i den vinkelen begge to befinn seg i. Mange insekt som har asymmetriske genitalia har dette som tilpassing til dei paringsstillingane som til ein kvar tid er mest hensiktsmessig for dyr i insekta sin livssituasjon. For kravlande insekt er det for eksempel lurt at begge partar kan ha beina peikande i same retning, så ein unngår å havna på ryggen og slita med å koma seg vidare. Flygande insekt som parar seg i lufta kan vera meir fleksible på i kva retning beina peiker, men må ofte ha kroppane sine peikande i same retning. Ikkje minst legg anatomien grenser for kva ein kan finna på, men anatomien og åtferda spelar heldigvis på lag gjennom evolusjonshistoria.

Den tyske edderkoppforskaren Bernard Huber sin teori om paringsstillingar og asymmetri hos insekt, basert på tovengeforskaren David McAlpine sine hypotesar. Foto: Gunnar Mikalsen Kviftes opp-pimpa teikning av McAlpines originale figur

Den tyske edderkoppforskaren Bernard Huber sin teori om paringsstillingar og asymmetri hos insekt, basert på tovengeforskaren David McAlpine sine hypotesar.
Foto: Gunnar Mikalsen Kviftes opp-pimpa teikning av McAlpines originale figur


Dei eldste paringsstillingane i insektverda reknar ein med at hadde hoa med buken mot ryggen til ein hann – ein stilling dei aller fleste menneske er anatomisk forhindra frå å praktisera, men som altså har vore vanleg i insektverda. Denne let seg fint omleggast til ei stilling der hannen ligg på rygg, eller der han har buken mot ryggen til hoa. Men, skal ein finna på andre stillingar må evolusjonen òg finna på måtar å tilpassa anatomien. Dette har stort sett skjedd gjennom at dei siste bakkroppssegmenta har rotert seg 180 gradar frå utgangsposisjonen – den delen av kjønnsorgana til hannen som koplast på hoa er opp-ned. Når ein skal bytta til ein annan paringsstilling seinare i evolusjonen kan ein då anten slutta med rotasjonen fullstendig (gå tilbake til 0) eller rotera ein gang til, 360 gradar, som er tilfellet hjå dei høgare flugene i gruppa Muscomorpha. Hjå nokre grupper er dette òg fleksibelt gjennom livsløpet til individet. Hos sørgemygg kan ein for eksempel innanfor same art finna dei fleste rotasjonsgradar mellom 0 og 180° i begge retningar. 

Dette med rotasjonen er berre ein litan del av det store biletet, og det eg har arbeidd mest med i mi eiga forsking er variasjon i symmetri og asymmetri innanfor sommarfuglmygg (Psychodidae) – ei gruppe kor alle medlemmane har 180° som utgangspunkt. Om ein ser på genitaliane isolert og ikkje i relasjon til sjølve kroppen er denne rotasjonen ikkje nok i seg sjølv til at eg vil rekna dei som asymmetriske. Det blir det først når nokre av organa i genitaliekomplekset er ulike på høgre og venstre side, eller når nokre av organa er yttarlegare rotert frå grunnrotasjonen på 180°. Både ut frå fylogenetisk analyse og morfologisk analyse av homologiar ser det ut til at slike asymmetriar ut over grunnrotasjonen har oppstått minst 14 gongar berre hjå sommarfuglmygg, uavhengig av kvarandre. Skjønt, uavhengig og uavhengig – eg mistenkjer at det ligg noko underliggande evolusjonært som gjer at sommarfuglmygg har lettare for å utvikla asymmetri enn insekt flest, eller kanskje har større behov for å utvikla asymmetrien.

Hjå sommarfuglmyggen Psychoda grisescens består dei øvre genitaliane av eit par symmetriske gripearmar på sidene og eit asymmetrisk kopulasjonsorgan i midten. Foto: Gunnar Kvifte Mikalsen

Hjå sommarfuglmyggen Psychoda grisescens består dei øvre genitaliane av eit par symmetriske gripearmar på sidene og eit asymmetrisk kopulasjonsorgan i midten.
Foto: Gunnar Kvifte Mikalsen

Kva desse underliggande evolusjonære faktorane kan vera er framleis veldig uklart. Men eg tenkjer at det nok kan ha å gjera med at paring har andre funksjonar enn berre mekanisk overføring av sæd frå organ A til organ B. Paringa er òg i mange tilfelle intens fysisk kroppsleg kommunikasjon – spør foreldra dine om du lurar på noko om dette. I insektverda er dette på sitt mest tydelege hjå tiriltungeflugene (Platystomatidae), kor hannane og hoene iherdig brukar både føter, munn og kjønnsorgan til å ta på kvarandre både før, under og etter sjølve paringa finn stad. Her er det gjort få forsøk som har gått etter i saumane kva som eigentleg skjer, men det vil ikkje overraska meg om at herr fluge brukar kjemisk og/eller taktil kommunikasjon til å overtyda fru fluge om at han vil vera ein dugande far for larvene hennar.

Det vakraste to tiriltungefluger av arten Platystoma seminatione kan gjera med kvarandre. Foto: Wikimedia commons

Det vakraste to tiriltungefluger av arten Platystoma seminatione kan gjera med kvarandre.
Foto: Wikimedia commons

Sommarfuglmyggen sitt seksualliv er nok mindre spektakulær enn som så, i alle fall har eg aldri sett dei vera særleg aktive under paring. Mykje av tida står dei tilsynelatande berre i ro, utan at det foregår noko ein som utanforståande får med seg med det blotte auga. Kan det vera at stimuliet hannen brukar til å kommunisera sin fortreffelegheit med til hoa er reint kjemisk, eller taktilt med vedvarande heller enn vekslande berøring? Dette er vanskeleg å vite mykje om. Andre insekt ein har studert paringsåtferda til har ein sett på anten i ein CT-skanner, eller at ein har mange parande par som ein frys i tid med flytande nitrogen for seinare å rekonstruera kva aktivitet organa har drive på med. Ganske komplisert opplegg.

Venga til hannen av Ulomyia fuliginosa har ei stor luftfylt blære på indre halvdel som gjer at eg meiner arten bør heite «boblemygg» på norsk. Foto: Gunnar Kvifte Mikalsen

Venga til hannen av Ulomyia fuliginosa har ei stor luftfylt blære på indre halvdel som gjer at eg meiner arten bør heite «boblemygg» på norsk.
Foto: Gunnar Kvifte Mikalsen

Noko som er litt enklare å studera er korleis artane oppførar seg direkte i forkant av paringa – for der er det noko meir action. Den tyske biologen Marlies Elger studerte ein sommarfuglmygg som heiter Ulomyia fuliginosa – på norsk meiner eg arten bør heite «boblemygg» – kor hannen har eit par særskilte porøse organ som sit bak hovudet og sannsynlegvis blir brukt til produksjon av luftstoff. Før paring dusjar herr boblemygg hoa med desse stoffa, som han sannsynlegvis lagrar i ei boble på midten av venga si, og dansar litt for å visa fram kor staseleg kul han er. Dersom hoa blir imponert får hannen lov å dansa ei lita piruett rundt ho og putta sin kabel i hennar dockingstasjon for overføring av sperm. Marlies Elger studerte mange paringar av boblemygg og observerte at han kunne gjera piruettar både mot høgre og mot venstre.

Kjønnsorgana til boblemyggen er symmetriske i den forstand at den høgre og den venstre sida ser ut som speilbilde av kvarandre. Det er derimot ingen som har sett om sommarfuglmygg med asymmetriske kjønnsorgan er tilbøyelege til å gjera piruett i noka spesifikk retning – men kanskje er det slik at mygg med skeive organ som peiker mot høgre snurrar mot høgre og vice versa? Dette håpar eg å finna ut i nær framtid. Følg med! 


Gunnar (til høgre) og villmarkskaninen Trygve i felt Foto: Pia Ve Dahlen

Gunnar (til høgre) og villmarkskaninen Trygve i felt
Foto: Pia Ve Dahlen

Gunnar er entomolog, ølentusiast og den mest penisfikserte heterofile mannen du nokonsinne kjem til å møte. Han har skrive doktorgrad om dei asymmetriske genitaliane til sommarfuglmygg (Psychodidae eller ‘psycho daddies’ som han selv omtaler de som), og jobbar aktivt for å spreie vitskap med ein dæsj tant og fjas. Gunnar er førsteamanuensis ved Nord-Universitetet, avd Steinkjer, kor han vekslar mellom å forska på insekt og å læra opp studentar i dette eventyret dei kallar livet.

 

Likte du teksten? Blogginnleggene skrives på frivillig basis av biologene, og vi setter alltid pris på donasjoner. Dersom du vil donere en slant er du hjertelig velkommen til å vippse til:
657032: disse pengene går til ASet, som jobber non stop med å sysselsette biologene, skape arbeidsplasser og få hjulene til å gå. ASet har ansvar for sosiale medier (facebook og instagram) og til å drifte denne nettsiden. En vipps hit er med på å skape en tryggere base for frilanserne.

597273: disse pengene går til foreningen, som er det sosiale elementet. Foreningen er 100% frivillig, og står for nettverksbyggingen, sosiale sammenkomster og utviklingen av de pedagogiske egenskapene til biologene. En vipps hit er med på å gjøre det mulig for oss å samles (når koronaen tillater det) for å bli bedre kjent, lære av hverandre og legge planer for fremtiden

 
Gunnar Kvifte Mikalsen

Gunnar er entomolog, ølentusiast og den mest penisfikserte heterofile mannen du noensinne kommer til å møte. Han har skrevet doktorgrad om de asymmetriske genitaliene til myggfamilien “Psycodidae” (eller ‘psycho daddies’ som han selv omtaler de som), og jobber aktivt for å spre vitenskap med en dæsj tant og fjas.
Gunnar er ansatt ved Nord-Universitetet, avd Steinkjer, hvor han veksler mellom å forske på insekter og å lære opp studenter i dette eventyret de kaller livet.

Forrige
Forrige

Sjimpansene, dine søskenbarn i skogen

Neste
Neste

Månedens primat - mer om dæ sjæl!